Det same som du
Vi kan møtast
og sjå kvarandre skine
gjennom
og ut på andre sio
Har du møtt auge
som ikkje flakkar
Har du møtt hjarte
som takkar
deg
i innpust
og utpust
Har du klemt nokon lenge
utan å sleppe først
ute
til å rekkje fram handa
Kjenne du gnisten frå eit anna
menneske
når dei ser deg
ser dei ikkje
det same
som du
-detonatord